Vossadekk / Vossarust

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Vossadekk / Vossarust Me fører alt innan dekk og felg.
Vossadekk er ein del av Dekk Partner kjeden.
Me understells behandler også alle typer kjøretøy med Fluid Film.

Ring oss, me hjelper deg!

12/08/2026

Det skal ikkje meir til enn eit uheldig møte med ein fortauskant eller ein dårleg hytteveg før hjulstillinga kan vri seg. Køyrer du med feil vinkel på hjula, slitest dekka skjeivt og mykje raskare enn dei skal. Bilen kan også trekkje til sida eller kjennast ustabil på vegen 🚙

Ein kontroll av hjulstillinga rettar opp feilen, slik at du slepp å kjøpe nye dekk lenge før du eigentleg må. Bestill time her: https://vossadekk.no/kontakt/

Veit du kor gamle dekka dine eigentleg er? 🛞Det er ikkje berre mønsterdjupna som tel. På sida av dekket finn du DOT-merk...
29/07/2026

Veit du kor gamle dekka dine eigentleg er? 🛞
Det er ikkje berre mønsterdjupna som tel. På sida av dekket finn du DOT-merkinga – ein tal- og bokstavkode der dei fire siste sifra viser når dekket vart produsert. For eksempel betyr 1824 veke 18 i 2024.

Er dekka 5–6 år gamle eller meir, kan det vere lurt å få dei vurdert, sjølv om mønsteret framleis ser greitt ut. Gummien blir hardare med åra, og det kan gå utover både grep og køyreeigenskapar ℹ️

Er du usikker, hjelper vi deg gjerne å sjekke 👋🧐

22/07/2026

Når dekka slitest ujamnt, er det eit tydeleg teikn på at noko ikkje er som det skal. Feil hjulstilling, feil lufttrykk eller slitte delar kan føre til at dekka slitest fortare enn nødvendig.

Det går ikkje berre utover levetida på dekka. Ujamn slitasje kan også svekkje veggrepet, endre korleis bilen kjennest på vegen, og i nokre tilfelle auke drivstofforbruket 🚗

Ser du at dekka slitest meir på éi side enn den andre, løner det seg å ta tak i det tidleg. Bestill time her: https://vossadekk.no/kontakt/

Traktorar og reiskap står mykje ute i vêr og vind mellom slaga på sommaren 🚜 Gjødsel, jord og grasrestar tærer hardt på ...
15/07/2026

Traktorar og reiskap står mykje ute i vêr og vind mellom slaga på sommaren 🚜 Gjødsel, jord og grasrestar tærer hardt på metallet.

Fluid Film er basert på lanolin, også kjent som ullfeitt, og er eit miljøvenleg alternativ som eignar seg godt til bruk i gardsdrift. Den kan brukast på kjeder, ledd og rammeverk for å beskytte utsette delar mot rust og fastgroing 🛡

Vi tilbyr både sprayboksar og større kanner, alt etter kor mykje du treng. Ta kontakt her: https://vossarust.no/

4 ting det er lurt å sjekke før du legg ut på bilferie 🚗☀️1. DekktrykketNår bilen er pakka til ferie, blir han ofte tyng...
08/07/2026

4 ting det er lurt å sjekke før du legg ut på bilferie 🚗☀️

1. Dekktrykket
Når bilen er pakka til ferie, blir han ofte tyngre enn til vanleg. Då er rett dekktrykk viktig både for komfort, veggrep og slitasje.

2. Mønsterdjupna
Ta ein titt på dekka og sjekk at mønsteret framleis er godt nok. Det gir ei tryggare og meir behageleg køyretur.

3. Sikt
På lange turar er god sikt ekstra viktig, særleg når vêret skiftar. Sjekk at du har nok spylervæske, og at vindusviskarane gjer jobben sin.

4. Utstyr i bilen
Sjekk at laust utstyr er sikra, og at varseltrekant og refleksvest ligg lett tilgjengeleg. Då er du betre førebudd om noko skulle skje undervegs.

Vi har ope heile sommaren frå 08:00 til 16:00 ☀️Mange tek ferie – men vi held hjula i gang! Treng du hjelp med dekk, luf...
01/07/2026

Vi har ope heile sommaren frå 08:00 til 16:00 ☀️
Mange tek ferie – men vi held hjula i gang! Treng du hjelp med dekk, lufttrykk eller ein rask sjekk før bilturen? Velkomen innom 🛞

Dekktrykk-lampa lyser sjeldan når det passar, og det er fort gjort å berre køyre vidare ⚠️Men feil dekktrykk kan gi både...
24/06/2026

Dekktrykk-lampa lyser sjeldan når det passar, og det er fort gjort å berre køyre vidare ⚠️
Men feil dekktrykk kan gi både dårlegare veggrep, auka slitasje og høgare drivstofforbruk – og i verste fall auke risikoen for punktering 🛞

Hugs å fylle luft i dekka før sommarens bilturar!

Bilen treng ikkje sjå sliten ut for at han skal få beskyttelse 🚗 Rust startar ofte lenge før du ser han, gjerne i holrom...
17/06/2026

Bilen treng ikkje sjå sliten ut for at han skal få beskyttelse 🚗 Rust startar ofte lenge før du ser han, gjerne i holrom, skøytar og andre utsette stader der fukt og skitt får liggje over tid.

Derfor kan det vere smart å vere litt i forkant før rusta får utvikle seg. Bestill time her: https://vossarust.no/🛡

Vil du få mest mogleg ut av dekka dine? Då er det nokre enkle ting som faktisk gjer ein forskjell:✔️ Køyr jamt og unngå ...
10/06/2026

Vil du få mest mogleg ut av dekka dine? Då er det nokre enkle ting som faktisk gjer ein forskjell:
✔️ Køyr jamt og unngå unødvendig hard bremsing og akselerasjon
✔️ Vask dekka jamleg
✔️ Sjekk at dekktrykket er riktig
✔️ Oppbevar dekka riktig mellom sesongane

Treng du ein stad å oppbevare dekka mellom sesongane? Ta kontakt med oss for pristilbod på dekkhotell: https://vossadekk.no/dekkhotell/

Adresse

Strandavegen 64
Vossavangen
5705

Åpningstider

Mandag 07:30 - 16:30
Tirsdag 07:30 - 16:30
Onsdag 07:30 - 16:30
Torsdag 07:30 - 19:30
Fredag 07:30 - 16:30
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4794889932

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vossadekk / Vossarust legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vossadekk / Vossarust:

Snarveier

Del

Bilfirmaer i nærheten