12/06/2026
☕️Takk til alle medlemmane som deltok på Næringslunsjen torsdag, 11.juni på Sognhostel! Totalt møtte 8 medlemsbedrifter og vi vart til saman 15 deltakarar!
💬Næringslunsjen er ein viktig møteplass for medlemmane våre, og ein arena der vi kan samlast på tvers av bransjar, dele erfaring og bygge relasjonar.
🌊Under årets første næringslunsj gav Andreas, dagleg leiar i FINIO, ei kort orientering om verksemda si utvikling sidan oppstart i 2016. Sidan den gong har FINIO etablert seg som ein viktig aktør i den maritime næringa i Hyllestad og regionen, og består i dag av eit team på 6 tilsette.
⛴️FINIO har havbruk og oppdrett som hovudtyngda i arbeidet deira, samstundes som dei ser gode moglegheiter innan fiskenæringa og skyssbåtar. Vidare satsing framover er investering i servicebåt for å kunne bistå havbruksnæringa langs kysten, vidareutvikle slippen for meir effektiv handtering av båtar opp til 200 tonn og utvikling av industriområdet i takt med planlagd vekst.
🌟Verksemda har gode erfaringar med lærlingar og eit ønskje om å satse vidare på fleire fagarbeidarar innan mekaniske fag og plate/sveis i åra framover. Samstundes peikar dei på utfordringar med å få tak i relevant kompetanse. Dei trekk fram samarbeid og dialog med næringa i Hyllestad og regionen som viktige faktorar for utviklinga.
👏Takk til Andreas som kom for å orientere om FINIO, de er eit viktig medlem i HNR og bidreg til å styrke den maritime utviklinga i regionen og lokalt!
Takk til Sognhostel for vertskapet, Hotel Sognefjord for god mat og medlemmane som møtte!
📣Vil du delta på neste næringslunsj, men er ikkje medlem i HNR? Meld deg inn då vel, første året er gratis!