26/09/2025
Dekkdagar hos Toyota Norheimsund – for våre dekkhotellkundar!
Skifte til vinterhjul
No er det tid for å gjere bilen klar for haust og vinter – og me gjer det enkelt for deg!
Me held ope for hjulskift på følgjande torsdagar fram til klokka 19.00:
16. oktober
23. oktober
30. oktober
Våre dyktige teknikarar står klare til å ta imot deg og sørgje for at bilen din får rett grep på vegen. Du slepp å tenkje på oppbevaring, logistikk eller ventetid – me har dekka dine klare!
Hugs å bestille time i god tid – dekkdagane vert fort fulle!
Pris for dekkhotell: 1 250,-
Inkluderer hjulskift, lagring og programmering av dekktrykksensorar for Toyota og Lexus.
Nyheit i år!
Me tilbyr vask av hjul medan dei er på hotell for 500,- , slik får du reine og fine hjul på til våren.
Ønskjer du vask av hjul, skriv eit notat i bestillinga eller gje beskjed når du leverer bilen.
Me gler oss til å sjå deg – trygg og klar for sesongen!
Hjulskift og dekkhotell kan vi bistå med. Kontakt oss i dag og du er i trygge hender.