20/02/2024
I mai måned 2023 tok me turen til Ornes for vårpussen, pluss litt reparasjon og vedlikehold under vannlinja. Me skulle også lime inn lister i alle nater under vatn.
Båregutt har i mange år vore plaga med litt lutråte rundt propellhylsa, og antydning rundt gjennomføringar i botnen.
Når me begynte å plukka i det var det selfølgelig verre enn først antatt, å det resulterte i meir arbeid...
Det vart funne ein del lut rundt fundamentsboltar også. Derfor måtte motor demonterast og halast fram. Deretter vart motorramma tatt ut, å dei langsgåande fundamentstokkane under måtte skiftast. Eg fekk sandblåst og galvanisert motorramma i samme slengen.
Det har blitt skifta spant der propellhylsa kom inn i maskinrommet.
Alle skrog-gjennomføringar og kjølesløyfe har vert ute og sjekka.
Kjølbord vart også tatt ut, og kjølen reingjort.
For at ein skal kunna lima inn lister i skroget må skroget vera tørt. Men når båten var tørka nokon månader begynte andre bord i botnen å løsna, og ein kunne sjå at spikaren var tært ein god del.
Så då vart det bora nye hol, å heile botnen vart skrudd opp igjen med 900 syrefaste skruar...
No har me fått alt på plass igjen, å fått primer og bunnstoff på. No skal båten sjøsettast før motor blir retta opp igjen mot propellaksel. Så går turen heimover igjen, etter ca et år på slippen
Men etter denne jobben må båten omtrent reknast som et nybygg😅
Me satsar på ein billegare og meir normal vårpuss neste år...😉