24/04/2026
For dei som ikkje allereie har fått det med seg – vi har ei gledelig nyheit å dele! 🎉
Ja, det stemmer – Ørsta Bil er no blitt Auto 8-8 Ørsta ! Auto 8-8 har kjøpt 59 % av selskapet, medan resterande eigarskap held fram lokalt. Vi er utruleg stolte over å ta dette steget inn i ei sterkare framtid – og vi er overtydde om at dette gjer oss endå meir konkurransedyktige i åra som kjem🤩
Men det aller viktigaste er at det som alltid har gjort oss gode, består:
✅ Same dyktige folka på huset
✅ Same personlege service
✅ Same nybilmerke –Ford og Nissan
I tillegg får vi no eit større fagmiljø og endå meir å tilby deg som kunde. 💪
Vi er utruleg stolte av det vi har bygd i Ørsta – og vi skal ta vare på det DNA-et som har gjort Ørsta BIL reisa, saman med alle dåkke, til ei sann glede kvar dag🫶🫶
Målet er enkelt: vi skal framleis levere dei beste kundeopplevingane på Sunnmøre – for dåkke som allereie er kunde av oss, og for dei nye som kjem !
Dette blir spennande – og veldig kjekt!
Takk for at dåkke er med oss vidare 🫶🥳
Ørsta Ford Nissan