Første året heldt dei til i leigde lokale i Hafstadvegen med sal av Volkswagen. Det vart solgt 15 bilar i 1954. I 1960 flytta Berge & Co AS inn i eigne lokaler i Bergegården. Bergegården utvida sine lokaler i 1967 med større verkstad og delelager. I 1968 selde Berge 376 nye bilar og i 1969 var salet på formidable 630 nye bilar. Bergegården vart nok ein gong utvida i 1970, denne gong med høgbygg.
I 1972 fekk Berge & Co As agenturet for Audi i Sogn og Fjordane, og i 1974 vart alt bilsalget flytta til Bergehallen. Berge nådde ein milepæl i 1977; på eitt år selde dei totalt 1008 bilar. I 1982 stod eit topp moderne bygg på Kronborg ferdig til bruk. Dette bygget er utvida fleire gonger, seinast i 2015. I 1999 fekk Berge & Co einerett for sal av bilmerket Skoda i Sogn og Fjordane. Berge & Co AS starta opp i Sogndal i 1971 i eigne lokaler. Lokala her vart utvida i 1993. I 1988 starta Berge & Co AS opp avdeling på Nordfjordeid. Denne avdelinga vart i 1999 flytta til Stryn. I 2001 vart det åpna verkstadavdelingar i Florø og Måløy. I desember 2016 kjøpte vi Sandven Ørsta. Det vil seie at Berge & Co AS i dag har seks avdelingar med om lag 125 tilsette som tek vare på deg som kunde. I 2022 vart Berge & Co selt til Frydenbø Group.
Årleg omset vi i Berge & Co AS for nær 700 millionar kroner, og sel rundt 1800 nye og brukte bilar. Berge & Co AS er forhandlar av Volkswagen, Volkswagen Nyttekøyretøy, Audi og Skoda i Sunnfjord, Sogn, Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Telefonnummer til våre avdelingar:
Førde: 24 03 18 00 Stryn: 57 87 26 00 Sogndal: 57 67 57 00 Florø: 57 74 22 40 Måløy: 57 84 80 08 Ørsta: 24 03 42 50