09/07/2026
Nokre stader festar seg litt ekstra i hjartet❤️
I går tok me turen til Dirdalstraen Gardsutsalg
Planen var eigentleg å køyra vidare på ein lengre biltur, men me vart verande så lenge at me rett og slett måtte snu og setja kursen heim att til Sola.
For ein fantastisk plass – og for ei varm velkomst me fekk. Tore, eigaren sjølv, tok imot oss med eit stort smil, kledd slik ein ekte kjøpsmann. Han tok seg god tid til å prata med oss, dela historia bak staden og visa oss rundt. Me fekk sjå den flotte saunaen, utleigehyttene og den innhaldsrike gardsbutikken.
Det som gjorde aller størst inntrykk, var likevel mennesket bak. Gløden, engasjementet og den ekte gleda over det han og familien har skapt, var heilt smittande❤️
Sidan me sjølve drøymer om å utvikla noko heime på garden vår i Klyvvikje, betydde det ekstra mykje at han så rausleg delte erfaringane sine med oss. Me reiste heim att med både inspirasjon, mot og mange gode råd på vegen vidare.
Og som om ikkje det var nok, fekk me lunsj: me fekk smaka den nydelege vafla deira med heimalaga spekepølse, mykmann-ost og Kristinas gulrotmarmelade – ein kombinasjon me aldri ville ha tenkt på sjølve, men som smakte heilt fantastisk.
Tusen takk for gjestfridomen, dei gode samtalane og den varme mottakinga. Slike møte betyr meir enn de kanskje anar❤️
Me gler oss allereie til den dagen de tek turen til oss i Klyvvikje. De skal vera hjarteleg velkomne. ❤️🌿