Kulleseidkanalen Gjestehamn

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Kulleseidkanalen Gjestehamn Ei lun gjestehamn med restaurant, hotellhytter og camping, omringa av sjø, stillheit og vakker natur

Gjestehamn med unike selskapslokaler, restaurant, kafé og bar.

25/11/2026

Frå menyen vår: pannesteikt torsk og grava laks.

Torsken kjem med heimelaga gulrotpuré, brokkolini og bakte raudbeter, ein smakrik soyasmørsaus, omnsbakte småpoteter og eit dryss parmesan. 425 kr.

Vil du starte lett? Grava laks med pepperrotkrem og sylta reddik, 165 kr som forrett.

Me har ope kvar tysdag til fredag, alle veker, kl. 15–21, og kjøkenet stengjer 20.

Ta med familien til Kulleseidkanalen - barnemenyen startar på 95 kr. Porsjonspizza frå 150 kr, også som takeaway.

Ein gjest skriv: «Flott utsikt og barnevennlig»

Heile menyen: https://kulleseidkanalen.no/meny/

Bestill bord her:
https://kulleseidkanalen.no/bordbestilling/

Hels på restaurantsjefen vår ❤️Namn: Aaron Sancha TuftelandAlder: 29 årKjem frå: Barcelona, Spania 🇪🇸Aaron har budd i fl...
24/11/2026

Hels på restaurantsjefen vår ❤️

Namn: Aaron Sancha Tufteland
Alder: 29 år
Kjem frå: Barcelona, Spania 🇪🇸

Aaron har budd i fleire land, blant anna Mexico og Kina, før han flytta til Noreg i 2021 og vidare til Langevåg i 2025. Han er gift med Mari, som eig Boma i Haugesund.

Aaron har lang erfaring frå servicebransjen, med ulike roller og arbeidsplassar, blant anna hos eit Escape Room-selskap i Barcelona. På fritida likar han å skrive fantasybøker.

Som restaurantsjef hos oss har Aaron ansvar for varebestilling til baren, vaktplanar og gjennomføring av arrangement. Det blir også ein god del flytting av møblar, ifølgje han sjølv 🤭

Favorittretten til Aaron frå julemenyen vår er ribbe. Etter å ha smakt mykje ribbe rundt om i Noreg, meiner han sjølv at me serverer den aller beste ✨

Me er veldig glade for å ha Aaron med på laget her på Kulleseidkanalen ❤️

Søndagsbuffé i morgon, 13–17.Hovudrett: svinesteik, viltgryte og smørstekt laks. I tillegg er det taco, pizza og grillpø...
21/11/2026

Søndagsbuffé i morgon, 13–17.

Hovudrett: svinesteik, viltgryte og smørstekt laks. I tillegg er det taco, pizza og grillpølser.

På salatbuffeen finn du røykelaks, eggerøre, focaccia, blanda salater og taco-tilbehør.

Dessertbordet: dronning Maud, oreokake, sitronmousse, sjokoladekake, sjokoladepudding, gelé, riskrem, karamellpudding og eplesmuldrekake.

395 kr for vaksne og 235 kr for born 4–12 år. Born under 4 år er gratis. Maten blir servert til kl. 17, og restauranten er open til kl. 18.

Bestill bord:

Bestill bord i restauranten i Kulleseidkanalen på Bømlo. Middag tysdag–fredag og søndagsbuffé – vel dag og tid direkte på nett.

Hels på kjøkkensjefen vår, Karoline! ❤️👩🏼‍🍳Karoline Smedsrud er 21 år og kjem frå Sand i Suldal. Ho har budd fast på Bøm...
19/11/2026

Hels på kjøkkensjefen vår, Karoline! ❤️👩🏼‍🍳

Karoline Smedsrud er 21 år og kjem frå Sand i Suldal. Ho har budd fast på Bømlo i halvanna år og har allereie rundt fem års erfaring frå matbransjen, mellom anna som kokkelærling offshore på plattform.

Karoline starta som ekstrakokk hos oss på Kulleseidkanalen, før ho tok over som kjøkkensjef 1. august i år! 👩🏼‍🍳

Ved sida av jobben tek ho fagskuleutdanning innan kjøkken- og restaurantleiing. På fritida likar ho å trene og vere saman med vener. ❤️

🍽️ Favoritten frå den nye menyen?

Pannesteikt torsk 🐟

Karoline trekkjer spesielt fram kombinasjonen av smakar og teksturar i denne retten. Den saftige torsken, saman med ein nydeleg soyasmørsaus, heimelaga gulrotpuré og steikte småpoteter, gir ei fantastisk smaksoppleving. Ein rett ho absolutt anbefaler å prøve.

Det Karoline set aller mest pris på med jobben, er å få vere med på å utvikle kjøkkenet og menyen vidare, og ikkje minst å jobbe saman med eit dyktig team som kvar dag står på for å gi gjestene gode matopplevingar ❤️

Me er veldig glade for å ha Karoline med på laget, og gler oss til å sjå kva ho og resten av kjøkkenteamet skaper framover! 👩🏼‍🍳

17/11/2026

Julemenyen er klar på Kulleseidkanalen.
https://kulleseidkanalen.no/meny/

Ut desember står julematen på à la carte-menyen. Me har ope kvar tysdag til fredag, kl. 15–21, og kjøkenet stengjer 20.

Pinnekjøtt med kålrabistappe, poteter, vossakorv og pinnesaus. Rørte tyttebær høyrer med. 695 kr.

Ribbe med sprø svor, raudkål, rosenkål, medisterkake, poteter og ribbesaus. 595 kr.

Barneporsjonar av både pinnekjøtt og ribbe finst på barnemenyen.

Vil du ha noko anna enn julemat? Pannesteikt torsk står på menyen, 425 kr, og grava laks som forrett, 165 kr.

Kvifor ikkje ta med vennegjengen, foreininga, kollegaene eller familien på juleavslutning hos oss?

Bestill bord her: https://kulleseidkanalen.no/bordbestilling/

Dans- og pubkveld med Loveguns, laurdag 21. november.Etter julebordet opnar me dørene for alle som vil ha ein dansekveld...
16/11/2026

Dans- og pubkveld med Loveguns, laurdag 21. november.

Etter julebordet opnar me dørene for alle som vil ha ein dansekveld. Dørene opnar kl. 21. Inngang 200 kr.

Loveguns er duoen Aina Beckstrøm Heiland og Kjell-Are Heiland frå Moi. Dei speler alt frå dansbare svisker og standardlåtar til tunge beats, med låtar frå 70-, 80-, 90- og 2000-talet, tilpassa kvelden og publikum. Showet er uhøgtideleg, friskt og inkluderande.

Dei har vore VM-band for dei norske leirane under Ski-VM, mellom anna i Val di Fiemme i 2013 og Seefeld i 2019, og var med på NRK Sommertoget i 2017.

Ta med vennene, finn fram danseskoa og kom i dansehumør. 18 år.

Billettar:
https://event.checkin.no/234863/dans-og-pubkveld-med-loveguns

I år utvidar me tilbodet med ein eigen lutefiskkveld, fredag 11. desember.Lutefisk har røtter i tørrfiskhandelen og fisk...
16/11/2026

I år utvidar me tilbodet med ein eigen lutefiskkveld, fredag 11. desember.

Lutefisk har røtter i tørrfiskhandelen og fiskerikulturen langs kysten vår, og har vore på norske bord i førjulstida i generasjonar. Ein tradisjon som mange har med seg frå besteforeldra, og som me gler oss til å servere på Kulleseidkanalen.

Dei som elskar lutefisk veit allereie kva dei skal gjere denne kvelden. Dei andre får ein grunn til å prøve.

Lutefisk med ertestuing, mandelpoteter, bacon og sennepssaus, med flatbrød og brunost til. 690 kr per person.

Me ønsker berre forhåndsbookingar denne kvelden. Bestill bord her: https://kulleseidkanalen.no/bordbestilling/

Heilt ny julemeny hos oss i november og desember ❤️🎄Me har ope tysdag til fredag 15–21, og kjøkenet stengjer 20.Me gler ...
16/11/2026

Heilt ny julemeny hos oss i november og desember ❤️🎄

Me har ope tysdag til fredag 15–21, og kjøkenet stengjer 20.

Me gler oss til å ønskja dykk velkomne ✨

Ei veke att til julebord med Loveguns! Framleis ledige plassar på denne datoen. Laurdag 21. november: julebuffé, og Love...
15/11/2026

Ei veke att til julebord med Loveguns! Framleis ledige plassar på denne datoen.

Laurdag 21. november: julebuffé, og Loveguns sett i gang festen etter maten.

1 590 kr per person, med velkomstdrink, julebuffé, levande musikk og underhaldning. Dørene opnar kl. 18.

Eller kva med eit julebord eller ei juleavslutning midt i veka? Onsdag 9. desember er det juleavslutting med julebuffé, konsert og underhaldning med Arne Kvarven og Håkon Tolås. 990 kr per person.

Bestill plass: [email protected]

Adresse

Kanalvegen 24
Bømlo
5437

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Kulleseidkanalen Gjestehamn legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kulleseidkanalen Gjestehamn:

Snarveier

Del

Kategori

Bilfirmaer i nærheten